Hopp til hovedinnhold

Nytt styre for Helse Midt-Norge RHF


Det er i dag (tirsdag 10. juni) halde føretaksmøte i Helse Midt-Norge RHF. Føretaksmøtet godkjende årsmeldinga og årsrekneskapen for 2002. Og det vart samstundes oppnemd nye styremedlemmer.

Helseminister Dagfinn Høybråten ga ros for det arbeidet som det regionale helseføretaket under leiing av styret har gjort, med å sikre etablering av organisasjonen, og for innsatsen med å nå prioriterte helsepolitiske mål.
   
Styret for Helse Midt-Norge vart oppnemnd i juli 2001. Styreperioden er med det over. Føretaksmøtet valde å oppnemne nye medlemmer til Helse Midt-Norge sitt styre. Dette vart gjort ut frå ei samla vurdering.
   
Etter dette er dei nye eigaroppnemnde styremedlemmene for Helse Midt-Norge RHF:

  • administrerande direktør Per Rolf Sævik, Herøy, styreleiar
  • organisasjonssjef Anne-Brit Skjetne, Levanger, nestleiar i styret
  • trygdesjef Egil Hestnes, Hitra
  • professor Rigmor Austgulen, Trondheim
  • kommunelege, førsteamanuensis Anders Grimsmo, Surnadal
  • fylkessekretær Marianne Bjerke, Klæbu

Styreperioden for styra i dei regionale helseføretaka er to år. Dette styret sin styreperiode startar den 1. juli 2003.