Hopp til hovedinnhold
 

- Så viktig at vi ikkje kan gi oss

Sunnmøre fekk sitt første ambulante team i Volda i år. I vinter kjem turen til nordre Sunnmøre.

Avdelingssjef Victor Grønstad ved vaksenpsykiatrisk avdeling i Helse Sunnmøre
er ikkje den som gir seg ved det første hinderet. På Sunnmøre har dei streva med å få fi nansiering til å opprette ambulante team. Men det finst alltid ei løysning når ting er viktige nok. Ved Volda distriktspsykiatriske senter oppretta dei eit ambulant akutteam
tidligare i år, ved å frigjere stillingar frå andre seksjoner.
– Vi valde å ta stillingar frå døgneininga og poliklinikken. Vi må klare oss med det vi har, fordi det er så veldig viktig å opprette desse ambulante akutteama, fortel Grønstad.

 

Bilde av det ambulante teamet ved Volda DPS
MINKA INNLEGGING: Vi fangar opp pasientar som ikkje treng å bli lagt inn, og som elles måtte ha venta lenge på å få kome til samtaletimar. fortel Aud Solheim (t.h.) som er leiar for det ambulante akutteamet ved Volda DPS, her sammen med Marit Isene (t.v.) og Ingebjørg Osdal.
Foto: Bjarne Mjaaseth

– Dei er operative på dagtid, og rykkjer ut ofte same dag, gjerne innan få timar. Dei er fire tilsette, og vi har fått noko prosjektpengar som gjer at vi kan auke til fem tilsette.Betre samla tilbod
At tilbodet er starta opp utan ekstra løyvingar, har fått konsekvensar, meiner Aud Solheim, leiar ved det ambulante akutteamet ved Volda DPS.
– Vi har jo tatt to stillingar frå døgneininga og to frå poliklinikken. Men vi har no eit tilbod vi ikkje har hatt tidlegare, og eg er viss på at vi kan avlaste poliklinikken og døgneininga. På den andre sida meiner ho at den nye verksemda skaper større behov.
– Vi avdekkjer behov vi ikkje har vore klar over. Så det blir viktig å få tilført ressursar, insisterer ho, men er ikkje i tvil om at det samla tilbodet er blitt betre etter oppstarten av ambulant team med heimebehandling.
- Vi fangar opp pasientar som ikkje treng å bli lagt inn, og som elles måtte ha venta lenge på å få kome til samtaletimar. Pasientar i gråsonen, som kommunane ikkje veit korleis dei skal handsame, fangar vi også opp, fortel ho, og presiserer at samarbeid er naudsynt om
ein skal lukkast med dei ambulante teama.
– Det er ikkje meininga at vi skal overta kommunane sine oppgåver. Vi skal samarbeide med dei, og gi støtte. Victor Grønstad meiner det er tydeleg at trongen er stor for å møte pasientane på ein slik måte.
– Dei har allereie 40 pasientar. Vi har greidd å løyse utfordringane heime hos desse pasientane, så de har sloppe å bli lagde inn. Inntrykket mitt er at trongen for innleggingar har minka, sjølv om eg ikkje har tal å stø meg på, – vi har ikkje halde på med dette meir
enn eit halvt år. Nye team til nordre Sunnmøre Nordre Sunnmøre står førebels utan tilbod om ambulante team.
– Men no har vi fått midlar til eit såkalla ACT-team, fortel ein nøgd Victor Grønstad.
– ACT står for Active Community Treatment. Det er eit ambulant team med folk frå spesialhelsetenesta og frå kommunen. Det er psykiater, psykolog, sosionom, ergoterapeut og andre på teamet, og dei skal følgje opp pasientar som er lagt inn på sjukehus fleire gonger.
Eit ACT-team er ikkje et akutteam slik som i Volda, men dei står og for behandling heime hjå pasienten.
– Ambulante team finst i mange variantar. Vi kopierer dette frå Birmingham i England, fordi vi ser det fungerer godt der. Etter planen skal det vere i gang frå nyttår, kan hende tidligare, om vi får fleire tilsette. Dermed er dekninga av heimebehandling på veg til å bli langt betre på Sunnmøre. Førebels har likevel berre fire kommunar meldt si interesse for å samarbeide om eit ACT-team.
– Vi ønskjer alle kommunar på nordre Sunnmøre inn i dette, og oppfordrar alle kommunar til å melde seg på.
Planen er å få eit akutteam på beina også på nordre Sunnmøre i løpet av neste år, fortel Grønstad.
– Vi har framleis ingen garantiar for å få pengar til å gjere det i 2010. Men – i samarbeid med Astrid J.Eidsvik, direktøren for Helse Sunnmøre, har vi blitt einige om å flytte årsverk frå sjukehusseksjonane til DPS, slik at vi skal få til dette. Akutteam i Ålesund har vi framleis ingen lovnadar om å få oppføre i 2010 heller. I tillegg ønskjer eg å styrke poliklinikkane i Volda og Ålesund, samt DPS døgneiningane
– alle tre.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 05.11.2009 14:32

Stein Risstad Larsen

Psykiatritilbudet i Helse Sunnmøre består av:

Psykisk helsevern for barn og unge
Vaksenpsykiatrisk avdeling