– Dette bygget har vi venta på i tjue år. No er vi i gang, takka vere sunnmørsk lagånd og godt samarbeid med Helse Midt-Norge, seier Helse Sunnmøres øvste leiar, Astrid J. Eidsvik.
Den nye barneavdelinga ved Ålesund sjukehus er ikkje berre etterlengta. Bygget kunne heller ikkje fått ei vakrare plassering, der det vil ligge med utsyn til fjorden og Sunnmørsalpane. Ikkje minst derfor må utforminga ”signalisere kvalitet og innby til tillit”, som det heiter i forprosjektet.
– Barna fortener det– Eg gleder meg verkeleg til å ta i bruk dette bygget på nyåret i 2011. Og mest av alt ser eg fram til å tilby barn og pårørande tidsmessige lokalar i flotte omgivnadar. Det fortener dei verkeleg. Nybygget setter oss også i enda betre stand til å foreine fagleg kvalitet og effektiv drift. Eit viktig stikkord er mindre innleggingar og meir dag- og poliklinisk behandling, seier adm. direktør Eidsvik. Plass til pårørande Barneavdelinga blir bunden saman til sjukehusbygget ved ei bru og ein kulvert. Avdelinga skal oppførast på tre plan: I underetasjen blir det resepsjon, poliklinikk, tverrfaglege team, kreftomsorg, skule, førskule og dagavdeling. I 1. etasje inngår intensivseksjon for nyfødde, administrasjon og legekontor, 2. etasje rommar sengeområde. Dei blir innreia med einerom (bad inkludert) som blir lagt til rette for at pårørande kan overnatte saman med barna.
KVALITET OG TILLIT: Nybygget blir nær5400 kvm, og kostnadsramma er ca. 260 millionar kroner. Ill: C.F. Møller Norge
HANSEN GRAVER: – Ein hyggeleg dag i ein helseministers liv, sa maskinførar og eksstatsråd Bjarne Håkon Hansen då han 1. september markerte byggestart for ny barneavdeling ved Ålesund sjukehus.
Tilbakemelding på denne siden
Publisert: 07.11.2009 11:23
Knut Hellerud
Les mer om barneavdelinga hos Helse Sunnmøre HF