Hopp til hovedinnhold
 

Mindre cellegift = mindre kreft

Kan hende er det innlysande at mindre bruk av gift gir meir helse. På Ålesund sjukehus fann dei ut at dei får 90 % færre tilbakefall ved  testikkelkreft ved å halvere talet på kurar med cellegift.

– Vi gir berre ein cellegiftkur, ikkje to som tidlegare. Det oppsiktsvekkande er at tilbakefalla er reduserte med 90 - 95 %, fortel forskar Torgrim Tandstad. Utan behandling vil halvparten av pasientar med høg risiko for tilbakefall få tilbakefall.

Ein giftkur er nok
Den eine førebyggande kuren viser seg å vere nok for å drepe mikroskopiske kreftceller som ligg på lur i lymfeknutar rundt om i kroppen. Det kan også sjå ut som om  sideverknadene på lang sikt vert monaleg mindre.

 

Illustrasjonsbilde av Ålesund sjukehus
FORSKING gjort ved mellom anna Ålesund sjukehus har minka tilbakefall av testikkelkreft. - Våre resultat er med på å gjere dei omfattande operasjonane
i magen unødvendige, seier Torgrim Tandstad.

 

Men heilt sikre på dette kan vi først vere om mange år. Den vanlige behandlinga av testikkelkreft utan teikn til spreiing har vore å ta bort den sjuke testikkelen, for så å setje pasienten på to cellegiftkurar. I
USA og fleire andre land har ein i tillegg gått inn i magen og operert bort alle lymfeknutar som kan ha kreft. Ei så omfattande behandling er sjølvsagt tyngjande for pasienten.

Viser veg
Torgrim Tandstad si forsking har allereie endra standarden for behandling av testikkelkreft, både i Norge og i Sverige. Alle pasientar med høg risiko for tilbakefall vil få tilbod om å få berre ein kur med cellegift. Pasientar med låg risiko for tilbakefall vil bli rådd til berre ein giftkur. Forskarmiljøet i USA har også fått auga opp for forskinga.
-Resultata våre viser at det ikkje er naudsynt med dei omfattande operasjonane i magen, seier Torgrim Tandstad.
-Me jobbar no med å lage nasjonale retningsliner slik at alle testikkelkreftpasientar får same behandling uavhengig av bustad. Tandstad er med i ei gruppe norske og svenske forskarar som har som mål at flest mogleg skal bli kurert for testikkelkreft. Det andre målet deira er at behandlinga skal gi så lite biverknader som mogeleg.

Ildsjelar
- Vi manglar faktisk finansiering til desse samarbeidsgruppene, fortel Torgrim Tangstad. -Gruppene består av ildsjelar som møtest innimellom for å lære av kvarandre. Det var i 2005 – 2007 at Torgrim Tandstad var lege ved kreftavdelinga på Ålesund sjukehus, og det var der forskinga på førebyggande cellegiftbehandling starta. Han fortel om ei kreftavdeling med gode leiarar og dyktig helsepersonell gjennom mange år.
- Vi bruker seie at dette er den beste lille kreftavdelinga i landet, på grunn av arbeidsmiljøet og den høge kompetansen. Dette har vore lærerike og inspirerande år for meg, seier Torgrim Tandstad.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 05.11.2009 11:37

Anita Grimsrud