Hopp til hovedinnhold
 

Pasientforløp: Sunnmøre i fin flyt

– Best mogleg pasientbehandling, som samtidig gir smartare bruk av pengar og folk. Det er gevinsten av betre samhandling mellom  spesialistar på sjukehuset og helse- og omsorgstenesta i kommunen, seier ein av dei som jobbar med å få til betre pasientflyt i Helse  Sunnmøre. Vidar Hagerup er leiar for Pasientflytprosjektet.

Medikamenthandtering
Rett medisin til rett pasient skulle vore sjølvsagt, men slik er det ikkje alltid. Reglar for personvern og datatryggleik har til no vore til hinder for felles journal mellom fastlege, legevakt og sjukehus. Saman med mangelfulle rutinar for informasjonsinnhenting og intervju av pasientane ved innlegging, har ført til at kvaliteten på medisinlista lenge
har gjeve hovudverk. Og mot slikt hjelper ikkje hovudverktablettar.
– Vi har sett at dette har vore eit problem for både pasientar og helsepersonell, ikkje berre på Sunnmøre, men i heile landet. Og no gjer vi noko med det på Sunnmøre, seier Hagerup.
– Vi ønskjer å sikre at fastlege, sjukehus og sjukeheim – og du sjølv – har same informasjon om naudsynte medisinar. Difor utvidar og styrker vi det interne  forbetringsarbeidet i sjukehusa våre, og vi har invitert kommunane inn i tett samarbeid, fortsetter Hagerup, som også kan fortelje at nasjonale styresmakter har endra lovverket slik at det blir enklare å dele informasjon mellom helsepersonell om medisinering.

 

Bilde av Vidar Hagerup som er leder for pasientflytprosjektet i Helse Sunnmøre HF
SLAG SUNNMØRE: – Samhandlinga i helsevesenet gir tryggare tilhøve for pasientane, og smartare
bruk av pengar og folk, seier Vidar Hagerup. Han leier pasientflytprosjektet, som mellom
anna står bak nytt opplegg for dei som vert ramma av slag.
Foto: Ingvald Kaldhussæter

Barselomsorg
Helse Sunnmøre arbeider med å sikre kvalitet i oppfølging av mor og barn under og etter utskriving fra barselavdelinga. Vi har ein visjon om at alle nybakte familiar skal få besøk av jordmor eller helsesøster allerede dagen etter heimkomst frå sjukehuset. Ein slik visjon gir oss store utfordringar både med omsyn til samhandling og elektronisk informasjonsfl yt mellom kommunehelsetjenesta og helseføretaket.

Slagbehandling
I tillegg til samhandling om riktige medisinar og ei rad andre prosessar med kvalitetsforbetring internt i sjukehusa, har Helse Sunnmøre starta eit stort arbeid for å sikre betre samhandling og pasientfl yt for dei som vert ramma av slag.
– Ved Volda sjukehus og Mork Rehabiliteringssenter har vi allereie kome godt i gang med å sikre best mogleg akuttbehandling og  rehabilitering av slagpasientar. Kommunane har vore representerte i prosjektgruppa og har med det vore med å leggje premissane
for deltaking i rehabiliteringsprosessen og overføring av pasienten til kommunen. Arbeidet som er gjort ved Volda sjukehus, skal også gjennomførast i Ålesund, men Hagerup understrekar at det ikkje finst interne grenser for tenkinga:
- Vi kallar det ”Slag Sunnmøre”. Rett og slett av di vi er opptekne av å sikre betre kvalitet og god flyt for alle slagpasientar på Sunnmøre.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 09.11.2009 11:51

Frank Jenssen