Hopp til hovedinnhold

Årets avdeling i Midt-Norge

Laboratorieavdelinga ved Helse Sunnmøre er kåra til årets avdeling i Helse Midt-Norge for 2003. Det er den sentrale ledelsen i Helse Midt-Norge RHF som står for kåringa som vart markert onsdag under styremøtet i Helse Sunnmøre. I grunngjevinga står det at avdelinga har utvist stor handlekraft og evne til omstilling i tråd med helsereformas intensjonar.

 Årets avdeling i Helse Midt-Norge 2003: Avdelingssjef Svanhild Tranvåg og avdelingsoverlege Kåre Michelsen tok i mot rosande omtale og prisen som vart delt ut av adm.dir. Paul Hellandsvik under markeringa torsdag. Foto: Solveig Moe Frøland

- Laboratorieavdelinga har vore gjennom ei vellukka samordning av tre ulike laboratorier og har satt i verk tiltak for å utvikle og sikre høg kvalitet. Gode prosedyrar sikrar effektiv drift utan ventetid. Dette er eit godt døme på korleis endringar kan vere ei positiv kraft og brukast til å utvikle tilbod og tenester i sjukehusa våre, seier adm.dir. Paul Hellandsvik i Helse Midt-Norge.

I grunngjevinga seier ein vidare at brukarorientering kjem til uttrykk gjennom pasientopplæring og gjennom effektivt og nært samarbeid med primærhelsetenesta. Og laboratorieavdelinga kan vise til solid produksjonsvekst, auka inntjening og god økonomistyring.