Hopp til hovedinnhold

Landsverneplan for helsesektoren

Helsesektoren får nå sin eigen verneplan. Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har engasjert Forsvarsbygg til å utarbeide "Landsverneplan for helsesektoren". Formålet er å verna eit utval kulturminne og kulturmiljø som dokumen

Den historiske oversikten er ikkje avgrensa til dei bygg som staten i dag eig, men syner heile bredda i utviklinga av helsesektoren. Såleis er ei rekkje ulike institusjonar inkludert, frå somatiske sjukehus til omsorgs- og pleieinstitusjonar i offentleg og privat eige.
Formålet med den historiske oversikten er å gi eit historisk riss av dei viktigaste endringane og karakteristikkane ved omsorgs- og sjukdomstiltak, med særleg vekt på korleis institusjonar har oppstått og endra seg.
Oversikten gir ei konsentrert kronologisk oversikt over utviklinga i helsesektoren frå mellomalderen fram til våre dagar. I framstillinga blir det gjort greie for dei samfunnsmessige forholda; demografiske endringar og endringar i sjukdomspanorama, utvikling av kunnskap og teknologi, endringar i menneskesyn, syn på sjukdom, samfunnsyn, endringar i samfunnsstyring og styring av helsesektoren, finansiering av omsorgs- og helsetiltak og utviklinga av lovverket.
Ein gjer og greie for viktige, sentrale og/eller representative  bygg og anlegg som viser utviklinga i helsesektoren.

Her finn du meir informasjon:
Forprosjekt (pdf-dokument)
Historisk oversikt (pdf-dokument)

Om arbeidet (artikkel og lenker)