Hopp til hovedinnhold

Helse Sunnmøre med eige flytransport

Måndag 3. september startar Helse Sunnmøre opp med eiga flyrute. Flyet skal frakte pasientar, pårørande og tilsette tur/retur Ålesund – Trondheim. Helse Sunnmøre er det første helseføretaket  i landet som har ei slik ordning.

Helseføretaket har inngått avtale om leige av fly med Helitrans AS. Avtalen har ei prøvetid på fire månadar. –Blir dette vellukka vil vi legge ut anbod på langtidskontrakt, seier advokatfullmektig Dagfinn Tynes. Flyet som er leigt inn er ein BAe Jetstream 32 EP med 18 seter.

Å yte service av god kvalitet er ei viktig oppgåve for Helse Sunnmøre, og for å gjere reisa mest muleg komfortabel for pasientane har vi inngått avtale med Avinor om at vi kan køyre direkte ut på rullebanen til flyet. Dei reisande behøver ikkje å igjennom den vanlige sikkerheitskanalen på flyplassane – korkje på Ålesund lufthavn Vigra eller på Trondheim lufthavn Værnes. Dette medfører at ein sparer ein halvtime til tre kvarter kvar veg. Flyet på Vigra er plassert i den enden av lufthamna der ambulanseflyet held til.

Helse Sunnmøre disponerer og eigne helsebilar som skal køyre dei reisande frå Moa til Vigra. Den faste bussruta vil gå frå Moa – Ålesund sjukehus- Innfartsveien - Skateflua - Kverve - og vidare til Ålesund lufthavn Vigra. På Værnes står ein helsebil klar på rullebanen og køyrer direkte til St. Olavs Hospital.

Det blir daglege flyavgangar frå Vigra måndag til fredag kl. 08:30 - med retur kl.17:00 frå Værnes. Flytida er berekna til 35 minutt. 

For ytterlegare informasjon:
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Kommunikasjonssjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089
Advokatfullmektig Dagfinn Tynes, mobil 47866130