Hopp til hovedinnhold

Oppstart for intermediæravdeling i Ålesund

Helse Sunnmøre får 1,5 millioner kroner i støtte til etablering av ein intermediæravdeling i Ålesund. Tilskotet kjem frå fra Helse- og omsorgsdepartementets prosjektmidler for å styrke lokalsjukehus og samhandling med kommunane.

- Vi er glade for at dette nå kan kome i gang. Erfaringane fra andre stader viser at slike einingar fører til betre pasientbehandling. Både sjukehuset og kommunane vil tene på at dette kjem på plass, seier kst. fagdirektør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg RHF.

Intermediæravdelingar er no etablert som samarbeidsprosjekt mellom helseforetak og kommunar fleire stadar i Noreg. Helseforetaka og ei eller fleire kommunar finansierer då i fellesskap drifta av døgnplassar utanfor sjukehusa, der hovudmålsettinga er eit fagleg kompetansenivå over det ordinære kommunale institusjonsplassar har. Særleg gjeld dette auke i legeteneste (dagleg legevisitt) og auke i fysio- og ergoterapiressursar.

Forsking basert på erfaringane frå St. Olavs Hospital med drift av slik intermediæravdeling i Trondheim gir mellom anna slike resultat for eldre pasientar:
• Meir sjølvhjelpte enn pasientar utskrivne frå sjukehusavdelingar
• Færre reinnleggingar enn for pasientar utskrivne frå sjukehusavdelingar
• Betre overleving enn for pasientar utskrivne frå sjukehusavdelingar

Erfaringar frå slike driftsmodellar i Noreg tilseier at årlege driftskostnadar pr. seng ligg vel 30% over driftskostnadane med ordinære sjukeheimssenger, dvs. om lag kr. 850.000,- pr. seng pr. år.

- På sikt er det aktuelt å etablere slike avdelingar både på nordre og søre Sunnmøre. På nordre Sunnmøre er det naturleg med ei etablering i Ålesund, medan det på søre Sunnmøre er mest hensiktsmessig med etablering i Volda. Det har så langt ikkje vore mogleg å få til ei endeleg forankring og naudsynte politiske vedtak i aktuelle kommunar, men alle dei tre kommunane er i utgangspunktet positive til tiltaket. Om kommunane vil delta i eit endeleg prosjekt med felles drift av intermediæravdeling, kan desse kommunane først ta stilling til når det er klart kva desse kommunane må bidra med økonomisk. Med støtte frå departementet, kan vi nå gå vidare med prosjektet. Drifta kan kome igang mot slutten av 2007, seier adm.dir. Astrid Eidsvik i Helse Sunnmøre HF.