Det var tettpakka program og mykje input for forskingsinteresserte då den regionale forskingskonferansen vart arrangert for femte år på rad – og for andre gong i Ålesund.
|
|
|
Det vart oppfordra til diskusjon rundt posterutstillinga under konferansen, noko som dei fleste deltakarane følgde opp. |
Måndag 15. september opna administrerande direktør i Helse Sunnmøre, Astrid J. Eidsvik, den regionale forskingskonferansen i Ålesund. Under opninga la ho vekt på at forsking- og utviklingsarbeid er eit nødvendig grunnlag for å kunne yte kunnskapsbasert praksis.
- Vi arbeider for å få forsking og utvikling som ein integrert del av spesialisthelsetenesta sitt oppdrag, og i Helse Sunnmøre har det har skjedd mykje dei fire siste åra, fortel Eidsvik.
Formidle resultat
|
|
|
Magne Nylenna, professor dr. med og redaktør for Helsebiblioteket.no |
Det var omlag 120 forskingsinteresserte deltakarar frå ulike helseføretak, universitet og høgskulemiljø som deltok på den regionale forskingskonferansen. Her fekk dei høve til å stille ut posters som viste forskingsresultat frå dei ulike føretaka.
Magne Nylenna, professor dr. med og redaktør for Helsebiblioteket.no understrekte i sin presentasjon kor viktig det er å formidle og vise fram det ein har forska på til dei som kan ha vidare nytte av resultata. Han oppfordra forskarane i salen til å ”stå på skuldrene til kvarandre” og finne ut kva andre har undra på og kva dei har funne ut.
Det var òg kåring av beste poster, og prisen gjekk til Elin Høien Bergene frå Sykehusapotekene i Midt-Norge, for posteren ”Sammen er vi dynamitt! I møte med nitroglyserinbruker – gis det tilstrekkelig informasjon?”
Myrtle Slettvåg Hoel og Nina Skoglund frå Kristiansund sjukehus fekk seg ei a-ha oppleving av dei mange hjelpemidla som finnast i Helsebiblioteket til forskingsarbeid, både når det gjeld hjelp til å stille gode spørsmål, gjennomføre eit forskingsprosjekt og publisere resultata sine.
Forskinga kjem pasientane til gode
Forskingsprisen som årleg tildelast av Regionalt brukerutvalg Helse Midt-Norge, gjekk i år til Anne Iren Hagen frå St. Olavs Hospital. Ho har undersøkt effekten av to ulike metodar for å oppdage tidleg sjukdom hos kvinner med arveleg høg risiko for brystkreft, og påvist at ny avansert MR teknologi er overlegen samanlikna med ordinær mammografi. Brukarutvalet grunngjev prisen med at forskinga har ført til at både diagnostikk og behandling har endra seg – og har kome pasientane til gode.