Pasientar, pårørande og fagfolk kan frå og med i dag, 9. oktober, ringe grønt nummer 800 300 61 dersom ein har spørsmål om habiliterings- og rehabiliteringstilbodet i Helse Midt-Norge.
Telefontenesta er eit nytt tilbod frå Helse Midt-Norge, og vi håper at tiltaket vil vere til hjelp med å finne fram og få svar på spørsmål som den enkelte pasient, pårørande eller fagperson sit med angåande habiliterings- og rehabiliteringstilbodet i Helse Midt-Norge.
Informasjonstelefonen er ei ordning som allereie eksisterer i Helse Sør-Øst og i Helse Nord. No koplar òg Helse Midt-Norge seg på denne tenesta som har vist seg å absolutt ha sin misjon i dei regionale helseføretaka som har hatt denne tenesta i over eitt år no.
Dei som vil svare på telefonen er koordinator Nancy Haugan ved Sykehuset i Levanger og Astrid Brudeseth ved Fritt sykehusvalg sin telefon i Molde.
Tilbodet startar opp i Den Nasjonale ReHabiliteringsuka som er no i veke 41, og telefonen vil vere open måndag til fredag frå kl. 0900 – 1500.