Hopp til hovedinnhold

Gjennomgang av avtalar om innleigde helsepersonellvikarar

HINAS (Helseforetakenes Innkjøpssevice AS) har no mottatt rapporten som kartleggjer det juridiske omfanget av eventuelle avtalebrot med omsyn til reglar om overtidsgodtgjøring, frå leverandørar med rammeavtale om innleigde vikarar i spesialisthelsetenesta. Gjennomgangen er gjort av advokatfirmaet Wikborg Rein på oppdrag av HINAS og dei fire regionale helseføretaka.

Dei fleste leverandørane ser ut til å ha ein praksis som er i samsvar med arbeidsmiljølovas reglar om overtidsgodtgjøring. Det er avdekka kritikkverdige forhold hos enkelte leverandørar, og HINAS og dei fire regionale helseføretaka går nå i dialog med desse umiddelbart for å sjå nærmare inn på kva konsekvensar forholda skal få.
- Det er ein grundig gjennomgang som er lagt fram, og vi ser svært alvorleg på dei avvika som er avdekka. Vi går no umiddelbart i dialog med dei leverandørane dette gjeld, seier personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest, Hilde Christiansen.
I 2009 gjennomførte dei regionale helseføretaka ei felles nasjonal anskaffing for bruk av helsepersonellvikarar. Dei regionale helseføretaka i Noreg har avtale med 15 leverandørar av vikartenester. Rammeavtalane skal sikre den nødvendige tilgongen på vikarar, med god kvalitet på tenestene . Avtalane dei regionale helseføretaka har i dag gjeld ut 2012, kravspesifikasjonar for nye avtalar utabeidast hausten 2011.

Kontaktperson for media:
Hilde Christiansen,
personal- og  organisasjonsdirektør i Helse Vest
tlf.: 415 33 809

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 05.05.2011 15:15

Tor Harald Haukås