Hopp til hovedinnhold

Innleigde vikarar: Hinas og dei regionale helseføretaka tek grep

Helseforetakenes Innkjøpsservice (Hinas) og dei regionale helseføretaka har inngått nasjonale rammeavtaler med fleire vikarbyrå for bruk av helsepersonell. Det er eit krav at alle som utfører arbeid ved sjukehusa har kontraktar som er i samsvar med arbeidsmiljølova og alle krav som ligg i rammeavtalane.  Hinas ser derfor svært alvorleg på at fleire samarbeidspartnarar over tid har brote krav som ligg i rammeavtalane, mellom anna arbeidsmiljølova og reglar om løns- og arbeidsvilkår.

Hinas varslar at tillitsbrota kan få konsekvensar for vikarbyråa. Reaksjonane overfor leverandørane varierer. Enkelte leverandørar vil merka auka fokus på at rammeavtalane, lovar og reglar blir respekterte. Nurse Partner AS får betinga varsel om avslutning av avtaleforhold. Avtalen med Konstali Helsenor vert avslutta.

  • Konstali Helsenor:
    Vikarbyrået har ikkje møtt kravet om bankgaranti og Hinas avsluttar samarbeidet. Sjå vedlagte brev. 
  • Nurse Partner Norge AS:
    Vikarbyrået står for dei mest alvorlege lovbrota og Hinas varslar at avtalen kan bli heva. Hinas vil avslutte samarbeidet dersom Nurse Partner innan 1. september ikkje har lagt fråm tilfredsstillande dokumentasjon på konkrete forhold. Sjå vedlagte brev. 
  • Adecco Helse AS
  • Vacant Helse AS
  • Dedicare AB
  • Agito Norge AS (tidl. Achima Helse AS)

Vikarbyråa står for brot på arbeidsmiljølova og krav til rammeavtalen. Byråa har erkjent dei faktiske forhold og dokumentert endra praksis. Selskapa har også dokumentert etterbetaling av overtid. Byråa får skriftlege åtvaringar der det vert gjort klart at nye overtramp vil få konsekvensar for vidare samarbeid. Sjå vedlagte brev.

  • Narco Polo AS  
  • Medpro AS  
  • VikTeam AS
  • Proffice Care AS  
  • Transmedica  
  • Xtra personell Care AS
  • Lenas Helsepersonell AS
  • Manpower AS

Vikarbyråa har ein praksis som tilfredsstiller arbeidsmiljølova og krav til rammeavtalen.

Oppsummering av granskinga, sjå vedlegg.

Det er advokatfirmaet Wikborg Rein (WR) som har kartlagt vikarbyråa på oppdrag frå Hinas og dei fire regionale helseføretaka.  Reaksjonane mot selskapa er vedtekne etter anbefalingar frå og i samråd med WR.

- ­Målet med kartlegginga av vilkåra for innleigde vikarar var å avdekkje eventuelle lovbrot og å sikre at alle som arbeider på sjukehus skal bli møtt av profesjonelle leverandørar som tilbyr ordna løns- og arbeidsvilkår og som opptrer i tråd med dei nasjonale rammeavtalene, seier personal- og organisasjonsdirektør Hilde Christiansen i Helse Vest.

Dei regionale helseføretaka og Hinas har i denne prosessen hatt tett dialog med NHO Service, selskapet som organiserer leverandørar innan bemanningsbransjen. Det er i den samanheng tatt grep frå HNO Service. (http://www.nhoservice.no/article.php?articleID=2810&categoryID=8).

Hinas og dei regionale helseføretaka finn brot på arbeidsmiljølova og rammeavtalane uakseptable og vil følgje utviklinga i bransjen nøye fråmover. Eit uomtvisteleg krav er at alle som er vikarar i helseføretaka skal ha ryddige løns- og arbeidsforhold og at alle punkt i lova og rammeavtalane skal etterlevast.

- Haldninga vår er at vi skal vere strenge og forvente høg profesjonalitet i alle ledd. Vi vil bruke krava i rammeavtalane til å sikre at alle vikarar får etterbetalt det dei har krav på, seier Christiansen.

Ho legg til at måla med dei nasjonale rammeavtalane

er å sikre at alle som arbeider på sjukehus skal ha ordna løns- og arbeidsvilkår.

- Det har overraska oss gjennom vår eigen internrevisjon i 2010, og i granskinga som nå er gjennomført, at det ennå er forhold som ikkje har vore i tråd med rammeavtalane. 

 

- Det er viktig å presisera at vi møter svært kompetente og dyktige vikarar som bidrar til kvalitativ og god pasientbehandling, understrekar Christiansen.

For ytterlegare informasjon, kontakt:

Personal og organisasjonsdirektør i Helse Vest, Hilde Christiansen: 415 33 809

Prosjektdirektør i Hinas, Harald Johnsen: 979 68 880

 

Brev til leverandørar
Brev frå HINAS til Adecco Helse AS Brev frå HINAS til Agito Norge AS Brev frå HINAS til Dedicare AB og AS Brev frå HINAS til Konstali Helsenor AS
Brev frå HINAS til Lenas Helsepersonell AS Brev frå HINAS til Manpower AS Brev frå HINAS til Medpro AS Brev frå HINAS til Narco Polo AS
Brev frå HINAS til Nurse Partner Norge AS Brev frå HINAS til Proffice Care AS Brev frå HINAS til Transmedica AS Brev frå HINAS til Vacant Helse AS
Brev frå HINAS til VikTeam AS Brev frå HINAS til Xtra Personell Care AS    
Rapportar
Rapport Wikborg Rein - vikartjenester helsepersonell 03.05.11
Tilleggsrapport Wikborg Rein - vikartjenester helsepersonell 27.05.11

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 03.06.2011 16:09

Helse Midt-Norge RHF