I dialog med dei regionale helseføretaka og HINAS (Helseforetakenes Innkjøpssevice AS) har Nurse Partner Norge AS vald førebels å avslutte utleie av vikartenester til spesialisthelsetenesta.
Dei regionale helseføretaka saman med HINAS følgjer leverandørane av vikartenester i spesialisthelsetenesta tett med omsyn til kontroll og oppfølging av fleire tilhøve. Av dialogen som har vore ser Nurse Partner Noreg AS no at dei vil arbeide for vidare forbetringar på sitt område, utan avtalen med sjukehusa.
- Vi tar til etterretning at Nurse Partner Noreg AS vil avslutte rammeavtala med oss og ser positivt på at leverandøren ser inn på å ta opp att eit mogleg samarbeid for framtida. Vi veit at vikarane som har kome frå Nurse Partner Norge AS er fagleg dyktige, dei har si erfaring frå andre skandinaviske universitetssjukehus, seier og leiar for styringsgruppa i Hinas og personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest, Hilde Christiansen.
Oppdrag som allereie er inngått fram til og med 29. februar 2012 skal sluttførast for å ta omsyn til dei einskilde vikarane og våre kollegaer i helseføretaka Vidare vil det no bli sett i verk tiltak for å sikre ein stabil og nødvendig tilgang på vikarar også framover, med god kvalitet på tenestene, slik at pasientbehandlinga blir godt ivareteke.
I 2009 gjennomførte dei regionale helseføretaka ei felles nasjonal anskaffing for bruk av helsepersonellvikarar. Dei regionale helseføretaka i Noreg har avtale med 15 leverandørar av vikartenester. Rammeavtalene skal sikre den nødvendige tilgangen på vikarar, med god kvalitet på tenestene. Avtalene dei regionale helseføretaka har i dag gjeld ut september 2012, kravspesifikasjonar for nye avtalar blir utarbeidd vinteren 2012.
Kontaktpersonar:
Hilde Christiansen, leiar for styringsgruppa i HINAS
og personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest , tlf.: 415 33 80
Kontaktperson Nurse Partner Norge AS:
Nadin Haugerud,Daglig leder, tlf 900 499 50