Hopp til hovedinnhold

Organisering av føretaksstruktur Møre og Romsdal

Oppretting av nytt helseføretak i Møre og Romsdal var oppe som sak i det regionale styret i dag. Dette omhandla oppfølging av vedtak i sak 10 frå Føretaksmøte 25.01.11 – ”Sammenslåing av Helse Nordmøre og Romsdal HF og Helse Sunnmøre HF.”  Føretaket skal vere etablert innan 1. juli 2011.

Styret ber valstyret starte arbeidet med å foreslå kandidatar til styret i det samanslåtte helseføretaket mellom Helse Nordmøre og Romsdal HF og Helse Sunnmøre HF. Valstyret sitt arbeid skal vere ferdigstilt til neste styremøte som er sett til 3. mars.

Styret bad administrerande direktør om å legge fram ei sak på styremøtet i mars der direktøren informerer styret om planane knytt til gjennomføring av prosessen med å slå saman dei to helseføretaka.

Første primæroppgåva for det nye styret vil bli å tilsetje adm. direktør for helseføretaket i Møre og Romsdal. Styra i Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal vil fungere parallelt fram til 1. juli.

I samband med stifting av det nye helseføretaket vil det bli lagt fram forslag til kvar det nye hovudkontoret for helseføretaket i Møre og Romsdal skal lokaliserast.

- Det nye helseføretaket skal vere etablert innan 1. juli, og eg er trygg på arbeidet vil bli gjennomført på eit godt måte vis der dei tilsettes representantar er viktige samarbeidspartnarar. Oppretting av eit felles helseføretak i Møre og Romsdal skal kome pasientane våre til gode. Med bakgrunn i vedtaket frå føretaksmøtet i januar ynskjer vi samordne tilbodet og betre kvaliteten på tenestene til det beste for befolkninga i fylket, seier styreleiar Kolbjørn Almild.

Administrasjonen i HMN vil fram mot styremøtet i mars utarbeide ein plan knytt til gjennomføring av prosessen med å slå saman dei to helseføretaka. Omstillingsarbeidet framover vil ta utgangspunkt i Omstillingsavtalen for Helse Midt-Norge og ein vil syte for at omstillinga skal gjennomførast på trygt vis for å skjøtte dei tilsette på ein god måte.


For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Kolbjørn Almlid, mobil 90600994
Adm. direktør Gunnar Bovim, mobil 95467446
Kommunikasjonsdirektør Tor Harald Haukås, mobil 93498136

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 03.02.2011 14:03

Tor Harald Haukås