Hopp til hovedinnhold

Søker etter adminstrerande direktør

Helse Møre og Romsdal HF har starta arbeidet med å rekruttere administrerande direktør for helseføretaket. Her er utlysingsteksten:

Administrerande direktør

Samhandling - Samfunnsansvar - Resultatansvar

 

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal HF skal leie og utvikle ein organisasjon med viktige samfunnsmessige oppgåver. Samarbeid og dialog med myndigheiter, media, pasientane og tilsette sine organisasjonar, leverandørar og samarbeidspartnarar innan helse- og sosialsektoren er ein viktig del av arbeidsområdet.

Sentrale oppgåver vil vere å vidareutvikle føretaket sine strategiar og tiltak for å realisere desse ambisjonane, samt å gjennomføre endringsprosessar.  Administrerande direktør må vere inkluderande, vise handlekraft og evne til gjennomføre beslutningar. Adm. direktør rapporterer til styret.

 

Viktige ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • ansvar for at helseføretaket vert drive i samsvar med styret sine prioriteringar og gjeldande forskrifter og lovgjeving
  • utarbeiding av strategi og målsettingar
  • økonomistyring og budsjettprosess, samt overhalde budsjettrammene
  • gjennomføring av nødvendige endringsprosessar og samordningstiltak
  • sikre nødvendig totalkvalitet og vidareutvikling av helsefagleg innhald og kvalitet
  • sørgje for god kommunikasjon og informasjon i organisasjonen

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein administrerande direktør med relevant utdanning frå universitet/høgskule, med leiarkompetanse og god økonomisk forståing.

Det er nødvendig med leiarerfaring frå store organisasjonar, erfaring med omstillingsprosessar og at ein kan vise til oppnådde resultat, evne til strategisk tenking, samt evne til å utvikle kulturen i  Helse Møre og Romsdal HF.

Vi søkjer etter ein tydeleg og resultatorientert leiar, som har evne til å gjere organisasjonen synleg, samt utnytte samla kompetanse og potensiale og vere inspirator for organisasjonen.

Vi ønskjer ein dyktig overordna prosessleiar med gode kommunikasjons -evner, som har evne til å engasjere og motivere organisasjonen og ta initiativ til utvikling.  Erfaring med målretta og effektiv organisasjonsutvikling.

 

Helse Møre og Romsdal tilbyr spennande og utfordrande oppgåver.
Løn og tilsettingsvilkår etter avtale. Pensjonsordning i KLP.

 

Ønskjer du nærare opplysningar, ta gjerne kontakt med styreleiar John Harry Kvalshaug, tlf 917 69 346 eller TotalConsult ved  bedriftsrådgivar Lisa J. Vespestad, tlf. 913 37 219 / Ketil Selven, tlf. 907 56 180

Vi ønskjer elektronisk søknad via utlysing på www.rekruttering.totalconsult.no innan 12. mai 2011

TotalConsult garanterer konfidensiell behandling av søknader, om ønskjeleg også overfor Helse Møre og Romsdal HF inntil vidare.

Søkjar må grunngje særskilt dersom ein ønskjer søknaden unntatt frå offentlegheit. Grunngjevinga vil bli vurdert i høve reglane i offentleglova. Dersom det etter våre vurderingar ikkje ligg føre grunnlag for fritak, vil søkjar verte kontakta og kan då om ønskjeleg få høve til å trekke søknaden

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 16.04.2011 08:02

Tor Harald Haukås