Hopp til hovedinnhold

Helse- og omsorgsministaren på førjulsbesøk i Helse Sunnmøre

Kvalitet på tenestene var i fokus når Anne-Grete Strøm-Erichsen besøkte sjukehusa på Sunnmøre.

Statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen på førjulsbesøk på Volda sjukehus ble møtt av Lucia-opptog.
Statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen på førjulsbesøk på Volda sjukehus ble møtt av Lucia-opptog og mange journalister.

Det var eit innhaldsrikt program som stod på dagsordenen når helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vitja sjukehusa på Sunnmøre i dag. Fleire frå leiinga i Helse Sunnmøre og Helse Midt-Norge var tilstades saman med tillitsvalte og andre inviterte.

Adm. direktør i HMN, Gunnar Bovim ynskte ministeren velkomen og sa nokre ord om status i vår helseregion. Styreleiar  i HSM, Marthe Styve Holte poengterte det kvalitetsfokuset ein har på tenestene i helseføretaket på Sunnmøre. Ho nytte og høvet til å rose den klare leiinga Helse Midt-Norge utøve.

Adm.direktør Astrid J. Eidsvik i HSM supplerte med kvalitetsfokuset i sin presentasjon. Ho la vekt på dei fir kvalitetsindikatorane helseføretaket har spesielt fokus på; fristbrot, ventetid, korridorpasientar og epikrisetid. Vidare orienterte Eidsvik om Volda sjukehus. Helse Sunnmøre har satsa mykje på lokalsjukehuset på søre Sunnmøre.

–Vi er avhengige av eit velfungerande lokalsjukehus, og kvalitet skal ligge i botnen for alle våre tenestar, sa Eidsvik.  Etter ein presentasjon om fødeavdelinga i Volda viste nestleiar på Kvinneklinikken Idunn Myklebust  helse- og omsorgsministeren rundt på avdelinga

Seinare på dagen ynskte Eidsvik Anne-Grete Strøm-Erichsen velkomen til sjukehuset på nordre del av Sunnmøre. Ålesund sjukehus som er det nest største sjukehuset i Helse Midt-Norge samarbeidar godt med dei andre sjukehusa i fylket.

Klinikksjef Torstein Hole orienterte om geriatritilbodet i Helse Sunnmøre – status og framtidige utfordringar. Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen informerte gjestane om samarbeidsprosjektet som Helse Sunnmøre, Herøy og Sande kommune samarbeidar om. Siste post under besøket var omvising alderspsykiatrisk seksjon ved avdelingssjef Regina Steinberger og seksjonsleiar Nils Arne Skagøy.

Anne-Grete Strøm-Erichsen har ikkje tidlegare vitja Ålesund- og Volda sjukehus, og la inn desse besøka når ho likevel skulle arrangere høyringsmøte i Ålesund. Tema for det opne høyringsmøtet var geriatri og eldreomsorg.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 13.12.2010 23:13

Tor Harald Haukås