Onsdag 17. og torsdag 18. februar settes pasient- og pårørandeopplæring på dagsorden. Over 50 fagfolk frå inn- og utland skal bidra på konferansen ”Saman om OPP!” og det totale talet på deltakar er i overkant av 200. Dei kjem til Trondheim frå helseføretaka, kommunane, brukarmiljø og forskingsinstitusjonar for å dele og lære av kvarandre.
Professor Aksel Tjora ved NTNU vil fokusere på helsevesenet sitt møte med moderne pasientar, Marit Pettersen representerar FFO i Møre og Romsdal og skal ta for seg brukarane sitt perspektiv i samhandlinga. Kommunikasjon i helsetenesta er eit viktig tema som professor Paul Crawford frå University of Nottingham har arbeidd mykje med og forskar Johan Barstad i Helse Sunnmøre vil sjå på korleis informasjon i samband med sjuketransport blir oppfatta av ulike folk.
Mange andre tema knytt til opplæring og samhandling kjem ein inn på og deltakarane har høve til å velje mellom ei rekke spennande parallellsesjonar for å finne fagfelt dei har særleg interesse av.
Det er Lærings- og meistringssenteret i Helse Sunnmøre som arrangerar konferansen på vegne av Helse Midt-Norge.
Sjå programmet her.
For ytterlegare informasjon
Stein Conradsen tlf. 932 44 128
Jan Ole Bolsø tlf. 909 38 487
Publisert: Mandag 15. februar 2010