Kva skjer under eit opphald ved Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter:
Den første dagen før du omvisning på Nevrohjemmet rehabiliteringssenter. Du får informasjon om kva som skal skje under opphaldet og du får treffe nokre av dei tilsette. Samtidig skal dei tilsette få vite kva du ser på som viktig for at du skal få eit så godt resultat som mogleg av opphaldet.
Målet for opphaldet:
Rehabilitering handlar om livskvalitet, og målet med rehabiliteringa er at den einskilde brukar skal kunne fungere optimalt, ut ifrå sin eigen situasjon og sine eigne ynskjer og behov. Brukaren er hovudpersonen, personalet er medhjelparar, og saman har vi eit felles ansvar for å nå måla vi set for opphaldet.
Målmøte:
Tidleg under opphaldet vert det halde målmøte der brukar, og eventuelt pårørande deltek, saman med det tverrfaglege teamet. Her vil også heimetenesta bli innkalla dersom det er behov for det. Det er brukarens mål som er utgangspunkt for dette møtet, og det vil bli utarbeid ei oversikt over måla.
Den første tida vil vi, i lag med brukar, kartlegge hans/hennar situasjon. Vi vil foreslå tiltak og behandling. Etter ynskje/behov frå brukar, vert pårørande trekt inn. I arbeidet vert brukarmedverknad sterkt vektlagt.
Primærkontakt:
Brukar får tildelt primærkontaktar innanfor dei forskjellege faggruppene, slik at dei får faste personar å forhalde seg til. Det vil også bli utnemnt ein koordinator, som sørgjer for å koordinere det skal skje under opphaldet.
Brukar får utdelt ein timeplan med oversikt over sine avtalar kvar veke.
Rehabilitering/behandling/samhandling:
Under opphaldet vert det arbeid med funksjonstrening hos fysioterapeut og ergoterapeut, samt trening på daglege aktivitetar med rehabiliteringspersonalet. Trening går føre seg både individuelt og i grupper. I tillegg vert det gjort utprøving/tilpassing av hjelpemidlar, tilrettelegging av heimesituasjon (evt. skole og arbeidsplass), samt heimebesøk om det er behov for det.
Andre viktige oppgåver er rettleiing av pasientar i forhold til energiøkonomisering, og meistring/læring slik at dei best mogleg skal kunne meistre kvardagen med god livskvalitet til tross for ein kronisk, og kanskje også progredierande sjukdom. Dette går føre seg både individuelt og i grupper.
Rehabiliteringa byggjer på tverrfagleg samarbeid, der ein gjer individuelle vurderingar i forhold til alle dagleglivets aktivitetar.
Nokre kan vere innlagt for observasjon under medikamentomlegging.
Avdelinga har og eit utstrakt og godt samarbeid med kommunehelsetenesta, noko som er viktig med tanke på oppfølging. Vi inviterer kommunehelsetenesta på heimstaden til å vere med når dette er nødvendig. Vi ser det som viktig at samarbeidet med kommunehelsetenesta kjem i gang så snart som råd er, da dette vil ha mykje å seie for oppfølginga etter opphaldet her. Ved behov tek vi og initiativ til å starte arbeidet med ein individuell plan i lag med brukar og heimkommunen.
Transport:
Du har rett til å få dekt transport til og frå Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter ved inn- og utskriving. Om ein ikkje har frikort er det ein eigendel. Sjå www.pasienttransport.no
Tverrfagleg sluttrapport:
Det vert utarbeida ein tverrfagleg sluttrapport under opphaldet. Her står ei vurdering i forhold til målsettinga for opphaldet, samt annan relevant informasjon. Rapporten blir, etter samtykke frå bruker, sendt til samarbeidspartar i heimkommunen. Brukar kan og få ein kopi om det er ynskjelig.
Oppfølgingssamtale:
Om lag ein månad etter opphaldet ved Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter vert du kontakta pr telefon for å høyre om iverksette tiltak har hatt effekt.
Pårørande:
Når nokon har ein kronisk sjukdom eller får funksjonstap, kan dette ha stor innverknad på familien, og vi vektlegg difor å bruke tid på samtale, informasjon og samarbeid med pårørande.
Faggrupper:
Personalgruppa består av ergoterapeutar, fysioterapeutar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, legespesialist, assistentar og sekretær. I tillegg leiger vi inn logoped ved behov. Fleire av personalet har vidareutdanning i mellom anna rehabilitering.

Vi har legeteneste frå nevrologisk poliklinikk. Legen er i avdelinga ein dag i veka (torsdagar), og kan elles tilkallas ved behov.