logo Helse Midt-Norge

Signerer avtale om legeutdanning i Møre og Romsdal

Fredag 21. januar inngår NTNU ein avtale med Helse Møre og Romsdal HF om å etablere eit desentralisert studieløp for utdanning av legar i fylket. Utdanninga får base i Ålesund.

Publisert 20.01.2022

Foto av Ålesund

Ålesund. Foto: Mostphotos

Avtalen inneber at studentar ved profesjonsstudiet i medisin ved NTNU frå og med det tredje studieåret kan ha undervisning og praksis ved Helse Møre og Romsdal sine sjukehus, skriver Helse Møre og Romsdal.

Oppstart i 2023

- Hausten 2023 kan vi ønskje dei første 20 medisinstudentane velkomen til Ålesund og Helse Møre og Romsdal, seier Siri Forsmo, dekan ved Fakultet for medisin og helsevitenskap, NTNU.

Etter å ha gjennomført dei to første studieåra på Campus Øya i Trondheim, flyttar studentane til Ålesund. Der skal dei tilbringe dei neste tre åra ved helseforetaket og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.  Studentane vil lære det samme som studentane i Trondheim og undervisninga foregår i realistiske situasjonar i sjukehus, allmennpraksis og helsehus.

- NTNU etablerte i 2018 ei desentralisert legeutdanning i Helse Nord Trøndelag, som vi drar erfaringer frå når vi startar opp i Møre og Romsdal. NTNU er først i Norden med å nytte denne studiemodellen i deler av medisinstudiet, seier Forsmo. 

- Vi skal forberede oss for å tilby eit best mogleg utdanningsløp for dei som studerer i Ålesund. Det er viktig for oss som helseforetak å vere ein attraktiv arbeidsgivar som rekrutterer gode fagfolk. Ved å ta ei aktiv rolle i medisinutdanninga bidrar vi til å utdanne våre egne fagfolk for framtida, seier Øyvind Bakke, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.​

Kompetanse lokalt
Stig Slørdahl, som er administrerande direktør i Helse Midt-Norge RHF, har vore ein av pådrivarane for å få på plass desentralisert legeutdanning i Møre og Romsdal.

– Å utdanne legar i Ålesund bidreg til auka rekruttering av fagfolk med akademisk kompetanse lokalt. Legar som tidligere søkte seg til Trondheim for å komme nær forsknings- og utdanningsmiljøa ved NTNU og St. Olavs hospital, kan no i større grad bli værande ved lokalsjukehusa. Det vil styrkje både fag og kvalitet i helsetenestene ytterlegare. Dette er godt nytt for befolkninga i Møre og Romsdal og for heile Midt-Norge, seier Slørdahl.

Den desentraliserte medisinutdanninga får base ved NTNUs campus i Ålesund. Institutt for helsevitenskap i Ålesund vil bidra til godt fagleg samarbeid og deltaking i forsking og undervisning. Det vil styrkje både fag og kvalitet i helsetenestene.

Etableringa av desentralisert medisinutdanning i Møre og Romsdal er ei oppfølging av myndigheitene sin plan for å auke antall studieplassar innan helsefaga. Grimstadutvalget leverte i 2019, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, ei utgreiing som anbefaler å auke kapasiteten på medisinutdanninga i Norge. Utvalet peika på auka bruk av lokalsjukehus og kommunehelsetenesta som eit sentralt verkemiddel for å få opp antall legar.

Program 21. januar:        
1400: Velkommen og tale ved administrerende direktør Stig Slørdahl, Helse Midt-Norge
​1410: Tale ved viserektor Annik Magerholm Fet, NTNU Ålesund 
1415: Tale ved administrerende direktør Øyvind Bakke, Helse Møre Romsdal     
1420: Tale ved dekan Siri Forsmo, Fakultet for medisin og helsevitenskap, NTNU             
1425: Signering av avtale             
1435: Samtaler – intervju             

Arrangementet kan du følgje via denne lenka