Er ein trønder meir verd enn ein sunnmøring?
I lys av regionale funksjonar og den ulike storleiken på helseføretaka er det ikkje spesielt oppsiktsvekkande forskjellar i finansieringa av Helse Møre og Romsdal og St. Olavs hospital, skriv adm. dir. Jan Frich og styreleder Odd Inge Mjøen.

Kenneth Langvatn og Sverre Øvrelid Steen i Sunnmøre regionråd reiser dette spørsmålet i ein kronikk som vart publisert i Sunnmørsposten 4. juni. Dei hevder at sjukehusa i Møre og Romsdal er urettferdig finansiert samanlikna med St. Olavs hospital. Dei viser til at St. Olavs hospital i 2024 fekk 633 millionar meir i «øyremerka midlar» enn Helse Møre og Romsdal. Talet har dei henta frå Helse Midt-Noregs styresak 132-23 tabell 8 som viser summen av særfinansiering og øyremerka midlar.
Øyremerka midlar er midlar tildelt til spesielle formål i statsbudsjettet. Det Langvatn og Steen ikkje opplyser lesarane om, er at brorparten av dei øyremerka midlane tildelt St. Olavs hospital er knytt til Sentral fagenhet for tvungen omsorg (SFTO), ein nasjonal eining for gjennomføring av særreaksjonen tvungen omsorg og som betener alle helseregionar i Noreg. St. Olavs hospital er i tillegg tildelt midlar til forsking og nasjonale kompetansetenester, ein budsjettpost som dels er basert på sjukehusa si forskingsaktivitet. Det er ikkje rimeleg å bruke slike budsjettpostar i ein argumentasjon om urettferdig finansiering på tvers av helseføretaka i regionen.
I det regionale budsjettet i Helse Midt-Noreg for 2025 (sak 125-2024) er særfinansiering og øyremerka midlar skilt i to tabellar (tabell 4 og 5). Trekker vi frå midlar til Sentral fagenhet for tvungen omsorg (531,6 mill. kroner) og øyremerka midlar til forsking, vil Langvatn og Steen sjå at St. Olavs hospital i 2025 er tildelt 42,9 millionar kr i øyremerka midlar medan Helse Møre og Romsdal får 77,4 mill. kr. Vidare vil dei sjå at Helse Møre og Romsdal får 190 mill. kroner i regional særfinansiering medan St. Olavs hospital får 279 mill. kr. I lys av regionale funksjonar og den ulike storleiken på helseføretaka er ikkje dette spesielt oppsiktsvekkande forskjellar. Helse Møre og Romsdal er mellom anna gitt ein ekstra finansiering for ambulansetenesta.
Jan Frich administrerande direktør, Helse Midt-Noreg RHF
Odd Inge Mjøen styreleiar, Helse Midt-Noreg RHF