Tildeling av regionale forskingsmiddel for 2023
Samarbeidsorganet vedtok 64 tildelingar med ei kostnadsramme på nesten av 65 mill. kr.
Publisert 04.11.2022
Samarbeidsorganet vedtok i møte 3. november 2022 tildeling av søkbare regionale forskingsmiddel frå Helse Midt-Noreg til medisinske og helsefaglege prosjekt for oppstart i 2023.
Total søknadsmengde var i år på høgde med fjoråret, men tildelingspotten er større i år enn i fjor. Samarbeidsorganet vedtok 64 tildelingar med ei kostnadsramme i på 64,6 mill. kr.
Sjå oversikt over alle tildelingane her
Det er utforma ein fagleg skriftleg respons på alle søknadane som har vore gjennom vitskapleg vurdering og søkjarane vil få tilsendt denne i løpet av dei nærmaste ukene.